Eit lite studio med stor kodeglede Stord, Noreg

Nettsider og bookingsystem som kundane faktisk likar.

Me er kveo – eit lite, litt rart og veldig hjelpsamt studio på Stord. Me lagar nettsider og bookingsystem, får systema dine til å snakke saman, lèt robotane ta dei kjedelege oppgåvene og passar på IT-en din. Du får færre hovudbry, kundane får det enklare, og du har éin person å ringje når noko krøllar seg.

Vil du heller snakke med meg? Ring +47 47 88 19 05

Laga med Red Bull, kode og godt humør.Tenester

Tenester

Tre ting me er skikkeleg gode på.

Me kartlegg, byggjer og passar på. Og nei, me forsvinn ikkje i det augneblinken nettsida er lansert.

Tenester

Nettsider

Nettsider som er raske, lette å forstå og faktisk får folk til å ta kontakt eller bestille. Ikkje berre pene, men flinke òg.

Passar for: Verksemder og lag som treng ei ny nettside, eller vil byte ut ei som er tung å oppdatere.

Du får

  • Design og utvikling tilpassa innhaldet ditt
  • Nettside som fungerer like godt på mobil
  • Eit enkelt verktøy for å endre tekst og bilete sjølv
  • Universell utforming frå start
Fortel meg meir: Nettsider

Bookingsystem og automatisering

Booking, betaling og oppfølging som går av seg sjølv, og system som snakkar saman så du slepp å vere menneskeleg klipp-og-lim.

Passar for: Verksemder som tek imot bestillingar, påmeldingar eller utleige, og brukar mykje tid på å følgje dei opp for hand.

Du får

  • Booking på nett med stadfesting til kunden
  • Betaling med Vipps eller kort
  • Automatiske e-postar og SMS
  • Kopling mot kalender og andre system du alt brukar
Fortel meg meir: Bookingsystem og automatisering

IT og drift

E-post, kontoar, nettverk og tryggleik som berre fungerer. Og når noko likevel krøllar seg, svarar eit menneske.

Passar for: Små verksemder utan eigen IT-avdeling, eller som vil flytte til Microsoft 365 eller Google Workspace.

Du får

  • Oppsett av Microsoft 365 eller Google Workspace
  • Tryggare innlogging med tofaktor
  • Hjelp med flytting av e-post og filer
  • Éin kontaktperson når noko ikkje fungerer
Fortel meg meir: IT og drift

Portfolio

Ting me har laga (og er litt stolte av).

Sjå alle prosjekt →

To bestillingar, steg for steg. Skjermbileta er ekte. Der me ikkje kan vise ekte data, er det merkt som dømedata.

Saunasystrene · privat badstove på Stord

Frå booking til badstove.

Gjesten bookar, betaler og kjem inn utan at nokon frå Saunasystrene står på kaien. Slik går ei bestilling gjennom systemet me bygde.

Framsida til Saunasystrene på sasy.no: bilete av badstova ved sjøen, prisar og neste ledige tid.
Bookingsida på sasy.no: val mellom 1,5 og 2 timar, og ledige starttider for dagen.
Ekte e-post frå Saunasystrene til Emre: PIN-kode og bookingstadfesting for badstova 2026-11-27, med PIN-koden gyldig kl. 18:00–20:00.
Ekte låseskjerm med SMS frå SAUNASYSTRE: «Hei Emre!», Saunasystrene, Skjersholmane, 2026-11-27 kl. 18:00–19:30.
Vurderingane på sasy.no: snittkarakter og to sitat frå gjestar.
  1. Steg 1: Vel lengd og tid.

    Ledige starttider viser seg med ein gong. Tider som kolliderer med ei anna booking er strokne ut, og nattrabatten står rett ved sida av.

  2. Steg 2: PIN-kode og stadfesting på e-post.

    Gjesten betaler med kort, og e-posten kjem med ein gong: dato, tid og PIN-koden til hengelåsen, med kva tid han gjeld.

  3. Steg 3: Ein SMS frå SAUNASYSTRE.

    Vel gjesten SMS, kjem meldingane frå avsendaren SAUNASYSTRE med stad og tid, rett på låseskjermen.

  4. Steg 4: Etterpå: ei ærleg vurdering.

    Alle som har vore der, får spørsmålet på e-post etter besøket. Snittet står på framsida, rett frå gjestane.

Kva det gjer enklare: Kvar booking går heile vegen frå bestilling til betaling, tilgang og oppfølging utan manuelle steg. Gjesten får alt på mobilen, og Saunasystrene slepp å dele ut nøklar eller kodar for hand.

Bowlit · bowling, karaoke og dart på Stord

Ei booking dei tilsette ser med ein gong.

Karaoke og dart blir booka på nett. Kvar booking hamnar i kalenderen dei tilsette alt brukar, utan at nokon skriv ho inn for hand.

Framsida til Bowlit på bowlit.no med knappane «Book aktivitet» og «Sjå prisar».
Bookingsida på bowlit.no: val mellom karaoke og dart.
Første steg i karaokebookinga på bowlit.no: dato, frå og til.
Illustrasjon av kalenderen til Bowlit med ei ny karaokebooking laurdag 18:00–20:00.
Illustrasjon med dømedata
  1. Steg 1: Vel aktivitet.

    Karaoke eller dart, og kor mange rom og banar som finst.

  2. Steg 2: Dato og tid, tre steg totalt.

    Først dato, så starttid og sluttid. Heile bookinga er tre steg.

  3. Steg 3: Rett inn i kalenderen.

    Bookinga blir lagd inn i Google-kalenderen til Bowlit. Blir ho endra eller avlyst, blir hendinga oppdatert eller fjerna.

    Illustrasjon med dømedata

Kva det gjer enklare: Bookingane hamnar i kalenderen dei tilsette alt brukar, utan dobbeltføring, og innhald og bookingar blir styrte frå same stad.

kveo01 / Prosjekt
stordveogvel.no

stordveogvel.no

Stord Ve og Vel er ein medlemsorganisasjon med medlemsfordelar som utstyrsutleige, leilegheiter og bading. Medlemmane skulle kunne sjå kva som er ledig og reservere sjølv, og administrasjonen trong éin stad å følgje opp reservasjonar og påmeldingar.

  • Kalender som viser kva utstyr og kva leilegheiter som er ledige
  • Reservasjon på nett, med innlogging via Microsoft for tilsette
  • Påmelding til arrangement og bading, med Vipps-betaling
  • Stadfesting på e-post og «Min side» der medlemmane ser eigne reservasjonar

Kva det gjer enklare: Medlemmane reserverer og betaler sjølve, og administrasjonen ser alle reservasjonar og påmeldingar på éin stad i staden for i e-post og lister.

Korleis me jobbar

Få prosjekt. Mykje engasjement. Null hokus pokus.

Sjå heile prosessen →
  1. 01

    Kartlegging

    Ein prat eller to. Me finn ut kva du treng, kven som skal bruke det og kva som brenn mest. Gratis, sjølvsagt.

  2. 02

    Avtale

    Pris, omfang og tidslinje på papiret. Fast pris der det går, timar der det må. Ingen fakturaskrekk.

  3. 03

    Utvikling

    Me byggjer med opne kort. Du ser framdrifta kvar veke og kan trykkje stopp når som helst.

  4. 04

    Lansering

    Me trykkjer på den store raude knappen saman. 30 dagar med oppfølging er inkludert.

  5. 05

    Drift

    Me held auge med alt kvar månad, og ein ekte person svarar. Valfritt – du er ikkje innelåst.

Kundar

Kundar i dag. Historier me er stolte av.

«Bookingsystemet sparer oss kvar veke. Endeleg ein partnar som forstår både teknikken og kvifor me gjer dette.»
Ve og Vel StordMedlemsorganisasjon - Stord
«AI-boten svarar gjestane våre 24/7. SMS-pinkoden gjer at me aldri må vere på plass.»
SaunasystrenePrivat sauna · Stord

Kontakt

Skal me lage noko kult saman?

Fortel kort kva du drøymer om, så svarar me innan 24 timar på kvardagar. Første praten er gratis, og du lovar ingenting.